søndag 1. september 2013

Då var hausten her...

....og alle aktivitetane på Klippen er anten alt starta, eller så er det rett før dei er i gong.

Me var over 90 stk som hadde ein flott tur, og dag til  Kongeparken på laurdag. Me var heldige og fekk stort sett sol fra ein litt skya himmel. Både store og små fekk snurra seg, skrike fra seg og kjenne suget i magen før me sette oss på bussen heim i kveldinga. Popcorn, store slikkepinner og anna godt var og noko mange fekk nyta godt av. Kanskje nokre i meste laget då det jammen blei litt karusellstemning på fergeturen over Boknafjorden og.

Me takkar spesielt Viviann som er så flink å organiserer slike flotte dagar for oss som går på Søndagsskulen på Klippen. Takk og til dei flinke bussjåførane så frakta alle trygt fram og tilbake.



 
 
Den nye møtekalenderen er no lagt ut inne på denne sida her (trykk på link)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Legg gjerne igjen eit lite spor...